Om paintball

Kva er Paintball?
Kort sagt er paintball ein sport der deltakarane sler kvarandre ut av spelet ved å markere kvarandre med målingskuler som vert skotne ut frå ein markør (”våpenet”) driven av enten luft- eller gasstrykk. Sporten er ufarleg så lenge sikkerheitsreglane vert fulgte, og er meir som ei moderne utgåve av kanonball. Det vert faktisk sagt at det statistisk sett er fleire skader ved bowling enn ved paintball.

Gjer det vondt å bli truffen?
Spørsmålet alle lurer på, i alle fall dei som ikkje har vorte truffen.
Svaret kjem an på fleire faktorar. Alt frå kor mykje klede ein har på seg, til kor stor fart ballen held. Sogn Paintball passar på at alle markørar som vert brukt ikkje har for stor utgangshastigheit på ballen. I tillegg har vi ein regel om sikkerheitsmargin på 5 meter, altså at det ikkje er lovleg å markere kvarandre på kloss hald. Dersom ein har få klesplagg, eller trange klesplagg, gjer det meir vondt å bli truffen i forhold til å ha fleire lag laustsitjande klede. SPB vil påstå at det ikkje gjer særleg vondt å bli truffen. Ein kjenner når ballen treff og kanskje i eit halvt minutt etterpå, ellers går det fort over. Nokre blåmerker høyrer likevel med i ettertid, ein må jo ha eit suvenir ein kan vise fram.

- “Det var ikkje på langt nær så vondt som eg hadde trudd. Det var omtrent som å bli sparka på leggen når ein har leggbeskyttarar på; du kjenner det – men det går fort over”. – Gry Høyheim.

 

Ordbok
Markør : målingspistolen som skyt ut ball.
Ball : Ammunisjonen som ein skyt ut med markøren. Ball er gelatinkuler fyllte med miljøvennleg, ufarleg, vannbasert måling. Med andre ord går målinga av både klede og andre ting etter vask.
Å markere motstandaren : Det å treffe ein motstandar med ball som sprekk på kroppen eller markøren hans/hennar, slik at han/ho vert utslegen frå spelet. 
Maske : Beskyttelsesmaske som spelarane brukar for å dekke til ansiktet. Det viktigaste sikkerheitsutstyret på bana!
Ballbreak/ballsprekk: Når ein ball sprekk i markøren og blokkar løpet slik at du ikkje kan skyte meir. Ein må då rense markøren.

Spelemåtar:
Det fins mange måtar å spele paintball på, her er dei to mest vanlege spelemåtane hjå SPB:
Lagspel: To lag spelar mot kvarandre. Det laget som klarar å markere alle spelarane på motstandarlaget vinn.
Capture the Flag (ta flagget):
 Laga prøver å ta motstandaren sitt flagg og føre det tilbake til deira eigen base.
 

Historie
Paintball er ein sport som vart oppfunne på 1970-talet av nokre amerikanerar som var inspirert av novella “The Most Dangerous Game” av Richard Connell. I novella endar ein mann opp på ei øde øy, der han vert jakta på av ein russisk jegar. Etter ein diskusjon om kva som måtte til for å vere ein god jeger og overlevar, ville dei arrangere ein leik som kunne simulere dette. Då dei vart introduserte for ein målingspistol brukt i jordbrukssamanheng til å merke storfe, var sporten eit faktum.

.

.

.

.