Reglar/skjema
Reglar for spelande ved Sogn Paintball sine baner
Last ned regelskjema for arrangement her: reglar.doc
Last ned regelskjema for klubb her : klubbreglar.doc
1. Den normale aldersgrensa for spel er 18 år.
- Ungdom frå 13 år må ha verge med i spelet, samt skriftleg tillating (last ned skjema over).
- Ungdom frå 15 år må ha verge og/eller skriftleg tillating med seg (last ned skjema over).
2. Det er ikkje lov å vere påverka av rusmiddel på SPB sine baner.
- Synleg berusa personar vert viste vekk frå bana.
3. Ein skal alltid behandle markørane som lada våpen.
- Utanfor speleområdet skal markøren vere sikra, og løpskondom skal vere på.
- Sikt KUN på folk med naudsynt sikkerheitsutstyr og som er i spel.
- Sikkerheitsavstand er 5 meter. Dersom du er nærare enn dette skal du ikkje skyte!
Det er då nok å sei ”du er ute!” eller tilsvarande for å markere personen.
- Det er ikkje lov å skyte i blinde. Ein skal ha klår siktelinje til den ein prøver å markere.
- Ein skal ikkje skyte på spelarar som allereie er markerte og ute av spelet.
4. Maske og halsbeskyttarar er påbudt på SPB sine baner.
- Dette skal ALLTID vere på under spel.
5. Dersom ein vert markert og ball sprekk, er ein ute av spelet.
- Uansett kva kroppsdel som er markert.
- Treff og sprekk på markør tel også.
- Når ein er markert løftar ein markøren over hovudet for å vise at ein er ute.
- Gå til frisona og ta på løpskondom. La maska vere på!
- Dersom det viser seg at ein ikkje var markert, er det likevel ikkje mogleg å returnere til spelet før omgangen er over.
6. Sogn Paintball har ekstra ball til sals på bana.
- Berre medlemar av Sogndal Paintballklubb kan ha medbrakt ball ved SPB sine baner.
7. Uforsiktig bruk av utstyret og brot på reglane vert ikkje tolerert.
- Dette fører til bortvisning frå bana, uansett kor lenge det er att av leigetida.
8. Alt spel skjer på eiget ansvar!
.
.
.
.




