Jentepaintball & Sex and The City 2 den 6. juni
Sogn Paintball og Sogndal Kino inviterer til paintball og kino søndag den 6. juni. Tilbodet gjeld kun jenter/kvinner/damer!
Først vert det paintball på England Gard i Sogndal med 2 grupper med 20 jenter i kvar gruppe.
Gruppe 1 spelar paintball frå 1400 – 1600.
Gruppe 2 spelar paintball frå 1700 – 1900.
Så vert det Sex and the City 2 på Sogndal Kino kl 2045.
Prisen for paintball OG kino er kr 400,- pr person (ordinær pris 485,-)
Inkludert i prisen er leige av paintballgevær, maske, halsbeskyttar, 400 kuler og kinobillett. Med andre ord alt du treng!
Finn ut kva tid som passar best for deg, få med deg ei venninne eller ni, og meld deg på!
Tilbodet er altså begrensa til dei 40 først påmelde, så her er det førstekvinne til mølla!
Påmelding til post@sognpaintball.no eller SMS/ring 971 73 752.
Les meir om filmen på www.sogndal.kulturhus.no
