Open klubbdag laurdag 07. nov kl 1300
Friday, October 2nd, 2009Neste OPNE klubbdag vert 07 november kl 1300 på England Gard. ALLE er velkomne!
Vår nyaste skogsbane “Stakksengi” fekk mykje skryt på sist klubbdag, så vi spelar Capture the flag der denne gongen også.
Nybyrjarar får opplæring og oppfølgjing.
Regn og eventuell snø er ingen hindring, då bana er i tett granskog som hindrar mykje av nedbøret.
Hugs at medlemsskap i Sogndal Paintballklubb ut 2009 kun kostar kr 50,-
PRISAR:
Medlemar utan eige utstyr: 250,- (300,- for ikkje-medlemar)
- inkluderar markør med flaske, luftfyllingar, maske, halsbeskyttar, hanskar og 400 ball.
Medlemar med eige utstyr: 100,- (150,- for ikkje-medlemar)
- inkluderar baneleige, luftfyllingar og 200 ball.
Medlemar med eige utstyr OG ball: 50,- (100,- for ikkje-medlemar)
Ekstra vinterball:
100 ball – kr 25,- (30,- for ikkje-medlem)
200 ball – kr 45,- (60 for ikkje-medlem)
2000 ball – kr 450,- (550 for ikkje medlem
etc…
Påmelding til post@sognpaintball.no eller SMS 971 73 752
Vel møtt!




