Arkiv for September, 2009

Flyplassbesøk 26. sept

Saturday, September 26th, 2009

Sogn Paintball hadde besøk av ein kjekk gjeng frå flyplassen i dag, dvs frå Avinor, Widerøe og Securitas.
Takk for besøket og velkomen attende!

Sjå bilete under eller trykk på “Bilete” i menyen til venstre. Diverre hadde vi feil linse på kameraet i dag, så bilda vart litt utydelege, eller var det rett og slett avdi spelarane haldt eit usedvanleg høgt tempo?
For fullskjerm-bilete, trykk på den vetle firkanten nede til venstre i ruta.

Jentedag 27. september!!!

Saturday, September 19th, 2009

Sesongens sannsynlegvis siste Jentepaintball-dag tek stad på Råndi, England søndag 27. september kl 1300 og utover.
Alle får medlemsprisar!

Personar utan eige utstyr: 250,-
- inkluderar markør med flaske, luftfyllingar, maske, halsbeskyttar, hanskar og 400 ball.
Kjeledress kan du leige i tillegg for 50 kr. (Målinga går lett av i vask)

Personar med eige utstyr: 100,-
- inkluderar baneleige, 2 luftfyllingar og 200 ball.
(Evt. kr 50,- om ein har medbrakt ball)

Ekstra ball:
100 ball – kr 20,-
200 ball – kr 40,-
300 ball – kr 60,-
etc…

Ekstra luftfylling:
kr 10,- per markørflaske

Ungdomsbasen i Sogndal – 19.09.09

Saturday, September 19th, 2009

Sogn Paintball hadde i dag besøk av ungdomsbasen i Sogndal. Ein kjempekjekk gjeng som vi håpar kjem attende.

Sjå alle bileta ved å trykke på bilete under, eller trykk på “bilete” til venstre i menyen.

Open klubbkveld 21. september

Sunday, September 6th, 2009

Ny OPEN klubbkveld!
Alle er velkomne, både medlemmar og andre interesserte. Nybyrjarar får opplæring.

Dato: Måndag 21. september
Tid: 1700 og utover
Stad: England Gard (Råndi)

Prisar (medlem/ikkje medlem):
Leige av fullt utstyr inkl ball: 250 kr / 300 kr
Leige av kjeledress: 50 kr
Spelar med eige utstyr: 100 kr / 150 (inkl 200 ball)
Medlem med eige utstyr og ball: 50 kr

Ekstra ball:
(medl/ikkje medl)
100 stk: 20/30 kr
200 stk: 40/50
etc
2000 stk (1 kasse Storm): 400/500 kr
(5 kroner meir pr 100 ball for Cobra ball)

Ta med sjølv:
Gode sko, hovudplagg til å ha under maska og klede som tåler vask.
(Målinga går nemleg lett av i vask)

Meld deg på til post@sognpaintball.no eller sms/ring 971 73 752.

Påmelding til ungdomsbasen 19. september

Friday, September 4th, 2009

Ungdomsbasen i Sogndal skal spele paintball hjå SPB laurdag den 19. september frå ca kl 1100 – 1600.
Det kostar 100 kr i eigenandel for dei som vil vere med. Gummistøvlar og litt regnklede kan vere lurt om vêret er fuktig.
Hugs å gå inn på regel-sida for å skrive ut og få underskrift frå verge på “Regelskjema for arrangement”.

Meld deg på Ungdomsbasen sin paintballdag hjå Ralph på mail: ralph.kruger@sogndal.kommune.no

Jentekveld 03. september 2009

Thursday, September 3rd, 2009

Sogn Paintball arrangerte jentekveld for 15 feiande flotte jenter i kveld. Dei imponerte med fantastisk innsats og kamplyst. Tusen takk for besøket!

 Sjå alle bileta ved å trykke på bilete under, eller trykk på “bilete” til venstre i menyen.

Vinnarar av konkurranse

Wednesday, September 2nd, 2009

Sogn Paintball hadde stand på Meieriet i dag, i samband med infodag for ungdomsbasen. I dette høvet hadde vi ein konkurranse der ein skulle tippe kor mange ball (målingskuler) som var på eit glas. Svaret var 275 stk ball.

Dei 5 som kom nærast, og som kvar vinn eit årsmedlemsskap i Sogndal Paintballklubb for år 2010 er:
- Henrik Kuld L(?)
- Karlis Bremers
- Nicolai Ivin Kvam
- Kristoffer E. Lerum
- Sondre (?)

Øystein bak standen. Vi hadde ein jamn straum av nyfiken ungdom.
Øystein bak standen. Vi hadde ein jamn straum potensielle spelarar.

SPB stand på Meieriet 02. september

Tuesday, September 1st, 2009

Sogn Paintball har stand på Infodagen til Ungdomsbasen i Sogndal Kommune. Du finn oss på Meieriet onsdag 02. september kl 1600-1800. Vi syner paintballvideoar og bilete, viser fram litt utstyr og arrangerar ein god, gammaldags gjettekonkurranse med premiar. Vi har også med gåver til dei første som kjem innom standen.
Ta deg ein tur!?